Om oss
Vi heiter Bjørg og Øystein, og har budd på Furnes Gard sidan 2012. Då flytta vi hit ned saman med sønene våre Børge og Torgeir frå Finnmark, der vi hadde budd, arbeidd og trivdest i mange år. Furnes er slektsgarden til Øystein, han er 6. generasjon i sin familie som driv denne garden. Ammekuproduksjon er mogleg å kombinere med eit arbeide utanfor garden. Bjørg er utdanna kroppsøvingslærar, og har dei seinare åra arbeidd som miljøterapeut. Øystein er utdanna lege, og arbeider som kommuneoverlege og legevaktsjef i nabokommunen Førde. Det er primært Øystein og far Olav som driv garden i det daglege, med god hjelp frå resten når det trengs. Utover arbeids-, gards- og familieliv finn vi tid til trening, og er glade i å nytte naturen både her og andre stader i landet gjennom heile året. På hausten står hjortejakta høgt.
Om dyra
Det er sjølvsagt angusen som er det sentrale dyret på garden. Vi har 24 ammekyr, noko som gjer at vi på det meste kan ha 60-65 storfe (kyr + kalvar + ungdyr frå året før) på garden. I beitesesongen er det om lag 50 dyr på beite; halvparten kalvar, halvparten vaksne dyr.
Når vi bur på ein gard må vi og ha litt anna å styre med! Bjørg har mykje erfaring med hest, og har 5 islandshestar. 3 av desse er frå eige oppdrett, og desse har ho ridd inn og dressert sjølv, til stor glede for besøkande, vener og familie. Far til Øystein, Olav, har 6-7 villsauer som beiter i skogen frå vår til haust, men som får vere inne på vinteren. Desse produserer 1-2 lam kvar i året, som vi slakter til eige bruk. Vi har og nokre høns som leverer oss ferske egg dagleg, og ellers er her både hund, gardskatt og eit par undulatar som held til på rommet til Børge.
Til komande sommar er det plan å anskaffe ein del gris. Desse skal gå ute og bearbeide dei delane av jorda som skal nydyrkast. Dette er eit ledd i å handtere jorda utan bruk av sprøytemiddel; grisen rotar opp jorda, et det den finn av røter, og tilfører mykje god gjødsel. Vi får då god jord å så i etter at grisen er ferdig, og som bonus får vi godt grisekjøt frå frilandsgris. Dette treng vi med tanke på å utvikle eigenproduserte kjøtprodukt av angus, der gris vil vere viktig for å tilføre feit til eksempelvis spekepølser.
Om garden
Furnes Gard ligg i Åmotsdalen ca 5 km aust for tettstaden Bygstad, i Gaular kommune, Sogn og Fjordane. Næraste by er Førde, som ligg 2 mil å køyre frå oss. Bygstad er ein gamal jordbruksbygd, med mange funn frå vikingalderen. Vår eigen gard veit vi har vore drifta sidan ca 1550. På den tida byrja folk å komme attende til regionen, etter at Svartedauden hadde fart hardt fram på våre kantar. Ein veit at dei som busette seg valde tidlegare gardar, som var enklare å rydde. Det er difor truleg at det har vore drift på garden her også før 1350, men det er ikkje sikre nedteikningar om dette.
Garden ligg i åmotet – der elvane møtes – mellom den flotte lakseelva Gaula, og ei mindre elv Åmotselva. Desse elvane rammer vakkert inn eigedomen, som ligg som eit stort nes mellom dei to elvane. Det er nesten berre furuskog på skogsarealet, så til samen forklarer dette godt namnet «Furnes». Garden er uvanleg flat for å vere ein vestlandsgard. Den ligg på to nivå, det øvste nivået er der bolighusa og driftsbygga ligg, på ei stor endemorene frå siste istid. Dette gjev ei godt drenert jord, noko som er ein kraftig føremon i det fuktige klimaet vi ofte har her i vest. Det legste nivået er «myra», som namnet seier er dette myr oppdyrka for mange år sidan.
Vi er nære naboar og gode samarbeidspartnarar med Villa Åmot, ein liten gard som ved hjelp av målretta og modig arbeide har blitt løft opp til eit luksuriøst og stemningsfullt gardshotell. Dei er medlem av De Historiske, som serverer sine gjester unike kultur- og sanseopplevelser, mellom anna med kjøt frå Furnes Angus.