Livet

Kalvane går med flokken frå dei er fødde kring mars, til dei vert tekne inn frå beite i september/oktober. I denne tida et dei alt av grønt dei finn på beitet, og har ubegrensa tilgang til melk frå mor. Oksekalvane vert sidan fôra fram på lokalprodusert grovfôr fram til slakt som ungdyr 15-16 månader gamle. Dei kvigekalvane som ikkje vert tekne med vidare til avl vert slakta 7-8 månader gamle. Kvigekalvane med dei beste avlsegenskapane beheld vi som framtidige avlsdyr, anten til eige bruk eller for sal til andre bønder. Ei ammeku lever eit roleg liv. Ho produserer ein kalv i året, og alt av melk ho produserer vert drukke av kalven. Det er eit vanleg syn å sjå både 2 og 3 kalvar som drikk melk av ei ku samstundes, så dei deler fint med kvarandre. Dei beste kyrne kan få eit langt liv, eldste dama i flokken vår er no 13 år gamal og verkar å ha fleire gode år framfor seg endå.

Flokkinnstinktet til angus-rasen er sterkt. Det er fascinerande å sjå dei på beite. Sjølv om dyra kan vere spreidde utover eit stort områder, er det alltid nokre «barnehagetanter» som heng med kalvane. Når kvelden kjem samlar dei flokken, med krafige basunliknande brøl som rungar gjennom heile dalen. Dei finn seg eit område, gjerne høgt i terrenget med oversikt, der flokken legg seg til for natta. Kalvane legg seg tett saman, gjerne godt inn til avlsoksen. Når vi handterer dei på beite er flokkinstinktet stort sett ei føremon. Bjellekua følgjer oss, og dei andre kjem greit etter.

Drifta baserer seg på at kyrne vert drektige kvart år. Produksjonen til ei ku er 1 kalv i året, og det er økonomisk tungt om fleire dyr er «tomme» når våren kjem. Vi har så langt berre nytta eigen avlsokse; oksen går saman med kyrne og kalvane i heile beitesesongen. Dette har stort sett fungert bra, då ein god okse veit kva som skal til, og er ekspert på å finne det rette tidspunktet for paring. Frå og med våren 2018 kjem vi og til å inseminere. Dette for å sikre større genetisk variasjon, men og for å ha fleire bein å stå på. Vi skal fortsette å ha avlsokse med kyrne om sommaren, som då vil plukke ut dei kyrne der insemineringa ikkje har lukkast. På denne måten aukar vi sjansen for at flest mogleg av kyrne kjem med kalv året etter.

I vinterhalvåret er dyra innandørs. Kyrne går då i ammekufjøsen, eit nybygg som vart ført opp i 2015. Her er det to store lausdriftbinger med plass til 12 kyr kvar. Vidare er det 2 mindre ungdyrbinger med plass til 3 dyr kvar. I tillegg er det to sjuke/kalve-binger som primært vert nytta under og etter kalving. Kyrne går på spaltegolv, med gjødselskrape under spalten, som sikrar eit godt miljø for klovene. Dei har eigne liggebåsar med madrass for godt leie. I tilknytning til kyrebingane er det «kalvegøymer». Her trekk kalvane seg inn og er for seg sjølve når dei vil. Dei har der rikeleg med tørr halm å ligge på, og stikk inn til kyrne og drikk melk når dei sjølve ynskjer det. Ungdyra går i eige ungdyrfjøs etter at dei kjem inn frå beitet. Her går 4 dyr saman i binger, på spaltegolv. Kvigekalvane har eige rom i ungdyrfjøsen med spaltegolv og liggeområde med madrass.

Drifta i vinterhalvåret er relativt enkel; foring morgon og kveld. I starten av innesesongen vert alle dyra klipt. Dette gjer at dyra held seg reine, gjev betre temperaturkontroll, og fjerner evt utøy i pelsen. Ungdyra vert vegd ca kvar andre månad for å følgje tilvekst.

I mars byrjar kalvinga, og då fylgjer eit par intensive månader. Stort sett går kalvingane av seg sjølve, men vi må følgje med og vere raskt på plass om noko går gale. Det er og viktig å sikre at kalven får i seg råmelk raskt etter fødselen. Kalvane vert fødde utan eige immunforsvar, og må få i seg antistoffane som er i råmelka. Dette er og noko som dei fleste kyrne ordner heilt fint sjølve, men nokre må ha litt hjelp i starten. I løpet av det første døgnet vert kalven vegd, øyremerka og registrert i Storfekjøtkontrollen. Dei første dagane etter fødselen er kua og kalven for seg sjølve i eigen binge, deretter er det attende til storbingen. Kalvane finn seg raskt til rette i kalvegøymet. I starten søv dei stort sett heile tida når dei ikkje drikk melk, men etter ei vekes tid er det fullt liv! Vi nyttar mykje tid med kalvane i starten for å gjere dei trygge på menneske. Vi har heldigvis fleire niesar og nevøar som elsker å sitte med kalvane, noko som og er populært for oss større – dei er trivelege og vakre dyr, som ein lett vert forelska i!

Angus og Furnes
Angus-kyr
Angus-okse