Dyret

Aberdeen Angus er ein skotsk kjøtferase, utvikla på 1700-talet. Dyra er hardføre, med sterke instinkt. Dei er heilsvarte (det finnes og ein raud variant), kolla (har ikkje hornanlegg) og har blå tunge. Moregenskapene er jamnt over særs gode, og dei har eit kraftig flokkinstinkt. Dyra har høg evne til å utnytte grovfor. Dette gjer dei til eit godt val om ein ynskjer ei drift basert på eigne forressurser og beiteareal. Angus er kjenneteikna av velutvikla muskulatur med høg grad av feitmarmorering, dvs at mykje av feitet ligg «sprengt» inn mellom muskelfibrane. Høg feitmarmorering er sentralt om ein ynskjer eit smaksrikt, mørt og saftig kjøt.

Kyrne veg omlag 600 kg når dei er vaksne. Kalvane er normalt 35-40 kg ved fødsel, men dei veks fort! Alle kalvane vert vegne når dei vert skilde frå kyrne på hausten. Då har dei lagt på seg i overkant av 1 kg pr døgn sidan fødselen, dei beste nesten 1,5 kg. Når ungoksene er slaktemodne, ca 15-16 månader gamle, veg dei kring 600 kg (+/- 50 kg). Men, avlsoksen veks seg mykje større. Karen på bildet her var avlsokse hos oss i 2016 og 2017, og veg ca 1100 kg. Slaktevekta til dyra er i overkant av 50% av levande vekt. Kjøtmengda er omlag 70% av slaktevekta; eit dyr som veg 600 kg levande, gjev omlag 200 kg kjøt.

Rasen har eit rykte for å vere vanskelege å ha med å gjere. Vår oppfatting er at dei er trivelege, litt forsiktige dyr. God sosialisering av kalvane er grunnleggande, dette gjev dyr som er trygge på mennesker. Vidare er det viktig at ein er ute på beite med flokken kvar dag gjennom beitesesongen. Både for å sjå at dei har det bra, men og for at dyra skal vere vande med å bli handterte. Slik vert kvardagen både tryggare og meir triveleg for både folk og fe!

Uansett kor greie dyra er å ha med å gjere, må ein ha respekt for storleiken deira og ikkje ta sjansar. Ei uventa røyrsle frå eit stort dyr kan raskt verte fatalt for eit menneske som kjem i vegen. Gå difor aldri inn til dyr på beite utan at du er med bonden som kjenner dei!

Angus-okse
Ku som eter gras