Sommaren 2022 flytta rånen GBOF inn på garden. Han er fødd sommaren 2021, og har vore eit kjærkoment nytt flokkmedlem. Janis vart raskt gravid, og fekk eit fint kull med grisungar november 2022. No spring det 8 «ungdommar» rundt og grev i jorda. Desse vert slakta kring juni/juli.

Vi har no eit forsøk med frilandsgris av rasen dølagris. Ei av purkene fekk eit lite kull august 21, og vi fekk mykje god lærdom gjennom vinteren. Ser absolutt ut til av vi kjem til å fortsette med dette. Dyra er økologisk fora, og har budd ute med god plass heile livet. Gris»ungane» vart slakta drøye 8 månader gamle i juni i år, og vi har no grisekjøt til sals for dei som er interessert. Dette er skikkeleg marmorert kjøt, og vil vere ypperleg til grill og til speking. Vi har svine- og nakkekotelettar, nokre få spareribs og indrefiletar, samt ribbesider som er godt egna til å lage bacon av. I tillegg heile boger (kring 16 kg) og lår (kring 25 kg!). Dette vert nok litt voldsomt for ei lita hushaldning, men vi kan dele det opp i minder partar. Bog er ypperleg til å lage pulled pork, men bør då vere nokre kilo for å få skikkeleg langtidssteiking. Når det er ferdig kan ein fryse ned porsjonspakningar, grisen vert enno meir «pulled» når ein varmar den opp att. Pris for gris er kr 207/kg.

Det er vanskeleg å forstå alt som vert sagt og skrive om klima. Landbruket vert dratt fram som ein av våre store «klimasyndarar». Samstundes må vi ha mat – korleis skal vi kunne produsere denne og samstundes ta omsyn til klima, biodiversitet og livet i jorda? Det regenerative landbruket er i framvekst, og representerer aukande og spanande kunnskap om samanhengane vi kanskje har gløymt i vårt moderne jordbruk. Ved å nytte lokale ressurser, og i størst mogleg grad legge til rette for best mogleg biologisk aktivitet i jorda, meiner vi at vi kan drive kjøtproduksjon ikkje berre karbon-nøytralt. Denne måten å drive landbruk på er ein effektiv måte å binde store mengder karbon, ved å trekke CO2 inn i fotosyntensen i planta, og «pumping» av karbon frå røtene og ut i jorda. Les meir i kronikken eg har skrive om temaet her. For meir inngåande fagartiklar, sjå www.amazingcarbon.com

I oktober i år fekk vi hyggeleg besøk av journalist Martin Hotvedt og fotograf Marius Fiskum frå Tidsskriftet for den Norske Legeforening. Kjekt å syne fram garden til mine kolleger, og ikkje minst å få snakke fram bondeyrket, og den fantastiske regionen vi bur i! Det å bu i distriktet oppfattar eg ikkje som nokon hemsko, meir at det opnar moglegheiter for andre vegar i livet. Les intervjuet her.

Bondelaget besøkte oss tidlegare i år, og laga god reportasje og film frå garden.