Angus

Dyret

Aberdeen Angus er ein skotsk kjøtferase, utvikla på 1700-talet. Dyra er hardføre, med sterke urinstinkt. Dei er heilsvarte (det finnes og ein raud variant), kolla (har ikkje hornanlegg) og har blå tunge. Moregenskapene er jamnt over særs gode, og dei har eit kraftig flokkinstinkt. Dyra har høg evne til å utnytte grovfor. Dette gjer dei til eit godt val om ein ynskjer ei drift basert på eigne forressurser og beiteareal. Angus er kjenneteikna av velutvikla muskulatur med høg grad av feitmarmorering, dvs at mykje av feitet ligg «sprengt» inn mellom muskelfibrane. Høg feitmarmorering er sentralt om ein ynskjer eit smaksrikt, mørt og saftig kjøt.

Angus-okse
Ku som eter gras

Livet

Kalvane går med flokken frå dei er fødde kring mars, til dei vert tekne inn frå beite i september/oktober. I denne tida et dei alt av grønt dei finn på beitet, og har ubegrensa tilgang til melk frå mor. Oksekalvane vert sidan fôra fram på lokalprodusert grovfôr fram til slakt som ungdyr 15-16 månader gamle. Dei kvigekalvane som ikkje vert teke med vidare til avl vert slakta 7-8 månader gamle. Kvigekalvane med dei beste avlsegenskaper beheld vi som framtidige avlsdyr, anten til eige bruk eller for sal til andre bønder. Ei ammeku lever eit roleg liv. Ho produserer ein kalv i året, og alt av melk ho produserer vert drukke av kalven. Det er eit vanleg syn å sjå både 2 og 3 kalvar som drikk melk av ei ku samstundes, så dei deler fint med kvarandre. Dei beste kyrne kan få eit langt liv, eldste dama i flokken vår er no 13 år gamal og verkar å ha fleire gode år framfor seg endå.

Fôret

Drøvtyggande dyr, som mellom anna storfe, er den einaste måten gras kan omdannast til menneskefor. Slik kan vi utnytte dei forressursane vi har her på vestlandet, som ikkje har eit klima som eigner seg for særleg anna landbruk enn dyrking av gras. Ein annan fordel er at grasetarane kan utnytte tilgjengelege forressursar i utmarka, noko som er sentralt i vår drift; 4-5 månader av året hentar dyra alt dei treng av for frå beite i dalen her vi bur. Dette held landskapet åpent, og sikrar samstundes sunn og variert kost for dyra.

Foring av dyr
Person skjærer i kjøt

Kjøtet

Angusrasen er kjenneteikna med høg grad av feitmarmorering. Dette gjev eit mørt og smakrikt kjøt, med særs gunstig samansetning av feitsyrer (Omega-3 dominert) grunna grasforinga og rapsbasert kraftfor. Det er såleis ein prima råvare, men for å komme til sin rett må kjøtet handterast rett!

Modning

God modning (mørning) av kjøtet er heilt sentralt for eit godt resultat. Modning er ein komplisert prosess. Kort fortalt har musklane ulike enzym som er sentrale i oppbygging og reparering av muskelfibre. Etter døden byrjar desse enzyma å brytre ned muskelstrukturen og bindevevet som ligg rundt muskelfibrane. Dette må skje under lave temperaturer (-1 – +3 grader) for å unngå at det vert vekst av bakterier som vil øydelegge kjøtet. Difor tek prosessen lang tid.