Velkomen til Furnes Angus!
I grøne og frodige Bygstad driv vi lokalmatproduksjon basert på kjøtfe av rasen Aberdeen Angus, kjende for sitt smaksrike og marmorerte kjøt. Dyra er ypperlege beiteutnyttarar, som held dei gamle kulturbeita i dalen vår i hevd. Basert på lokale forressurser er resultatet eit smakfullt, mørt og sunt kjøt, som selgast direkte til forbrukar frå oss.
Angus
Aberdeen Angus er ein spesialisert kjøtferase med høg grad av feitmarmorering i kjøtet. Dyra eigner seg ypperleg for beitebasert drift, og treng ikkje kraftfor for å vekse.